lørdag 17. november 2012

Bretagne

Ehehehee... No er det ca. to veker sidan eg kom tilbake frå Bretagne, men mamma vil sjå bilder. Det me gjorde i Bretagne var vel å eta sjømat og å sykla.

Ellers vil det vel ha ei lite oppdatering på kva som har skjedd i det siste. Me var ei veke i Caen med dei andre norske og hadde fransk med Håvard. No har me begynt på skulen igjen (etter TO veker med ferie!). Denne helga har vore/er litt stress for oss Argentan-jentene, fordi me driv og reiser fram og tilbake frå Caen. I går var me til Caen for opninga av Boréales festivalen. Etter dette såg me Carte Blanche. I morgon tek me turen til Caen for å eta lunsj med Unn og Berit. Og på måndag reiser me ned/bort/sammada tilbake til Caen igjen for eit eller anna opplegg.
















Eg har matteinnlevering, ha ein fin laurdagskveld!
Bisous

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar